No har eg kommet i gang med oppgåva mi. Eg har fått meg jobb som privatlærar i matematikk og skal ha min fyste "time" i dag kl 17.00. Planlegger å rekne matematikk i kring 2-3 timer med utgangspunkt i oppgåver frå matematikk.org.
Har også fått kontak med Garnes Ungdomskule og skal ha møte med eit par mattelærarar der på torsdag 10. februar kl 13.45. Her håper eg å bli bevist på kva områder innanfor faget eg skal legge mest vekt på, samt å kunne starte eit samarbeid med ein gruppe elevar i målgruppa som kan fungere som eit slags test panel for dei illustrasjonane eg skal produsere.
Eg har kjøpt boka Mattemagi av Håvard Tjora. Denne boka har mange fine eksempel om bruksområda til matematikk og er lettlest og innspirerande. Den har fått meg til å oppdage kor mykje meir spanande matematikken vert når ein beveg seg bort frå vanleg utrekning og inn mot konstruktiv problemløysing. Gode problemstillinger er viktige, og bruk gjerne humor i oppgåveformuleringar.
Vidare i dag skal eg sette opp ein meir detaljert arbeidsplan, samt lage ein god presentasjon av prosjektet, forberede mattetime og lage ein til to illustrasjonskisser som viser tanken bak prosjektet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar