torsdag 10. februar 2011
Møte med Garnes Ungdomskule
I dag har eg våre i møte med 4 matematikklærarar på Garnes Ungdomskule. Der pressanterte eg prosjektet mitt og fekk svert positive tilbakemeldingar. Dei sa at det berre var å ta kontakt når eg hadde ting som skal testast hjå målgruppa, så skulle vi fikse det. I tillegg ga dei meg god innsikt i vanlege problemfelt innanfor faget, og sa at algebra, sansynleghetsrekning, reknerekkefølge, funksjonar og likningar var felt som vart oppfatta som vanskelege. Dei sa også at elevar ofte kunne få til matematiske problemstillinger etter eit par forsøk i timen, men at kunnskapen forsvann når ein skulle gjere same type utrekningar to-tre veker seinare. Eg har ein tese om at utrekningane gjerne vert hugsa som ein regle i staden for å bli forstått. Eg trur og håper mitt prosjekt kan bidra til å gjere matematikken både lettare å forstå og lettere å hugse. Men det er store utfordringar å visualsiere fagfelta som vert karakterisert som vanskelege, for dei slår meg ikkje med det første som spesielt visuelle. Men eg skal prøve å gjere det beste ut av det, for her var det eit stort potensiale i følge lærarane på GUS.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar